Historisk arkiv

Bulystmidlar for 2011 er delte ut

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Sakshandsaminga av årets bulystprosess er no avslutta. Totalt fekk Kommunal- og regionaldepartementet 183 søknader.

Sakshandsaminga av årets bulystprosess er no avslutta. Totalt fekk Kommunal- og regionaldepartementet 183 søknader.

- Det store talet søknader viser at bulystsatsinga skaper eit stort engasjement i alle delar av landet. Det tykkjer eg er særs positivt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Eg vil gjerne få takke alle for innsatsen. Det ligg stor innsats og  engasjement bak kvar søknad.

Diverre har me ikkje høve til å støtte alle dei gode søknadane. Prosjekta som ikkje nådde opp denne gongen vil få avslagsbrev i løpet av kort tid, seier statsråden.

44 ulike prosjekt får støtte frå bulyst, kor 5 prosjekt har nasjonalt nedslagsfelt. Prosjekta som har fått støtte handlar i hovudsak om inkludering av innvandrarar, tilflytting, kulturbasert nærings og stadutvikling og omdømme. 

Kommunal- og regionaldepartementet ser fram til å følgje desse prosjekta i tida som kjem. Distriktssenteret vil hjelpe Kommunal- og regionaldepartementet i oppfølginga av prosjekta. Alle prosjekta som får støtte vil bli presenterte på Distriktssenteret si nettside. Fylkeskommunane er også med og finansierer mange av prosjekta. Dei har og ei viktig rolle i oppfølginga av prosjekta i sine fylke.  

Kommunal- og regionaldepartementet tar sikte på å lyse ut nye midlar til bulyst- satsinga også i 2012.

Kommunal- og retgionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.