Historisk arkiv

Bulystmidlar til inkluderingsprosjekt i Hamarøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1,2 millionar kroner i støtte ligg i Hamarøy kommune i Nordland.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1,2 millionar kroner i støtte ligg i Hamarøy kommune i Nordland.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar. I Nordland har det vore eit særleg sterkt fokus på temaet integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar til dei mange kommunane i fylket.

Hamarøy kommune har engasjert seg på dette feltet gjennom fleire år. Kommunen har profilert seg mellom anna gjennom eit særs konstruktivt arbeid med einslege, mindreårige flyktningar.

- Hamarøy kommune arbeider heilskapleg og offensivt med lokalt utviklingsarbeid. Dette er eit spanande prosjekt som Kommunal- og regionaldepartementet vil følgje med på dei kommande åra, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.