Historisk arkiv

Bulystmidlar til lokal mobilisering i Flakstad kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1 280 000 kroner i støtte ligg i Flakstad kommune i Nordland.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1 280 000 kroner i støtte ligg i Flakstad kommune i Nordland.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. I Nordland har det vore eit særleg sterkt fokus på temaet integrering av innvandrarar og andre tilflyttarar til dei mange kommunane i fylket.

Flakstad kommune er oppteken av å vidareføre det arbeidet som ble starta opp i fjor, i eit tredelt forprosjekt. Kommunen vil arbeide konkret med lokal næringsutvikling, samarbeid og lokal vekstkraft gjennom prosjekta:

  • Skjelfjord i tiden
  • Freske folk på Fredvang
  • Kultursmia i Sund.

- Flakstad kommune har starta ein viktig prosess, og har mobilisert sterkt, noko som kan bidra til ei positiv utvikling i kommunen. Flakstad kommune går ei spennande tid i møte, og Kommunal- og regionaldepartementet vil følgje med på det som skjer der i åra framover, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.