Historisk arkiv

Bulystmidlar til Preform i Fjaler

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1.8 millionar kroner i støtte ligg i Fjaler i Sogn og Fjordane.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 1.8 millionar kroner i støtte ligg i Fjaler i Sogn og Fjordane.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar.

I prosjektet Preform ønskjer Fjaler kommune å leggje til rette for at profesjonelle kunstprodusentar gjerne kan bu på mindre stadar, og samstundes vere attraktive for den nasjonale og internasjonale marknaden. Fjaler kommune vil vidareutvikle eit fagmiljø, utvikle og ta i bruk modellar for rådgjeving til kunstprodusentar i distrikta, styrke kommunen sitt omdømme og gjere kommunen og regionen til ein meir attraktiv stad å bu.

- Det er inspirerande å sjå at Fjaler satsar så tydeleg på kunst i arbeidet med å gjere kommunen meir attraktiv. Det blir spennande å følgje med på utviklinga i Fjaler dei komande åra, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.