Historisk arkiv

Bulystmidlar til Ungdom som ressurs i Glåmdalen i Hedmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta, som no får 210 000 kroner i støtte, står Glåmdal regionråd bak.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta, som no får 210 000 kroner i støtte, står Glåmdal regionråd bak.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar.

Glåmdal regionråd vil starte eit treårig arbeid for å skape og vise fram attraktivitet som gjer at folk flyttar til regionen. Målet er å bygge stoltheit og identitet. Det skal skje gjennom at ungdom i lokalmiljøet får reell medverknad i intern og ekstern marknadsføring av regionen. Prosjektet skal dessutan skape kulturaktivitetar for ungdom både heime og borte. På sikt er tanken å opprette både eit ungdomsråd og eit utflyttarråd for regionen.

 -Det er gledeleg å sjå at kommunane i Glåmdalsregionen finn saman i eit samarbeid, som involverer ungdom på ein så aktiv måte, seier statsråd Liv Signe Navrsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.