Historisk arkiv

Bulystmidlar til utviklingsprosjektet ”Bridge over troubled water” i Averøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 3,7 millionar kroner i støtte ligg i Averøy kommune i Møre og Romsdal.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknadar. Eitt av prosjekta som no får 3,7 millionar kroner i støtte ligg i Averøy kommune i Møre og Romsdal.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i behandlinga av søknadar.

”Bridge over troubled Water” er eit mangfaldig, treårig utviklingsprosjekt med utgangspunkt i kommunesenteret Bruhagen. Prosjektet starta opp i 2010 og har tre innsatsområde:

  • Fysiske omgjevnader
  • Bu- og næringsutvikling
  • Eit levande sentrum.

Sentralt i prosjektet står Drivhuset kultur- og næringshage, som skal satse spesielt på kulturnæringar. I tillegg handlar ein del av prosjektet om å inkludere arbeidsinnvandrarar i regionen, med sikte på at dei kan busette seg meir permanent. Det finst mange arbeidsinnvandrarar frå baltiske land og Aust-Europa i kommunen. Drivhuset næringshage skal rettleie desse i høve til å etablere eiga verksemd, tilby språkopplæring og gje informasjon om lokalsamfunnet. Målet er å inkludere innvandrarar som ein ressurs i lokalsamfunnet.

 -Averøy tek her i bruk eigne ressursar på ein framtidsretta måte. Å satse breitt, langsiktig og heilskapleg på tettstadutvikling, kulturnæringar og inkludering av arbeidsinnvandrarar kan gje varige resultat. Det kan gje auka  bulyst og ei meir positiv folketalsutvikling, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.