Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Bustadutvalet meiner fleire bør bli bustadeigarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete mottok i dag utgreiinga frå bustadutvalet. Utvalet sitt mandat har vore å drøfte og gje tilrådingar på korleis ein kan møte sentrale oppgåver i den sosiale bustadpolitikken i åra framover.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete mottok i dag utgreiinga frå bustadutvalet. Utvalet sitt mandat har vore å drøfte og gje tilrådingar på korleis ein kan møte sentrale oppgåver i den sosiale bustadpolitikken i åra framover.

-Eg synes utvalet leverer spennande innspel, og eg liker særleg godt forslaget om at mange fleire må få høve til å eige sin eigen heim. Ein god bustad er avgjerande for å leve eit trygt og godt liv, og eg ser gjerne nærare på om det er muleg å finne tiltak for at fleire kan eige. Me skal føre ein bustadpolitikk som famnar alle, men vi må særleg hjelpe dei som treng det mest, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Utvalet leverer ei rekkje forslag til tiltak for å betre måloppnåinga i bustadpolitikken. Utvalet viser til at dei fleste her i landet bur godt og at bustadpolitikken jamt over har vore god. Samstundes meiner utvalet at det er mykje å hente gjennom ein meir aktiv kommunal bustadpolitikk. 

-Utvalet blei utfordra på å sjå på situasjonen for ulike grupper vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det er gjort eit grundig arbeid og det ligg mykje ny kunnskap i utgreiinga. Dette skal me ta med oss vidare i arbeidet med ei stortingsmelding om bustadpolitikken, seier Navarsete.

NOU 2011: 15 Rom for alle – en sosial boligpolitikk for framtiden, blir snarleg sendt på høyring.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen