Historisk arkiv

Grunngjeving frå juryen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Juryen for årets nynorskkommune 2011 skulle i år ta stilling til søknader frå åtte sterke kandidatar: Kommunane Lindås, Norddal, Vågå, Aurland, Bremanger, Vinje, Masfjorden og Fjell har alle levert gode søknader.

Juryen for årets nynorskkommune 2011 skulle i år ta stilling til søknader frå åtte sterke kandidatar: Kommunane Lindås, Norddal, Vågå, Aurland, Bremanger, Vinje, Masfjorden og Fjell har alle levert gode søknader.

Juryen samla seg etter kvart om to kommunar:

Vinje kommune i Telemark har også eit svært godt utgangspunkt for å få prisen. I år har kommunen laga ein ny målbruksplan. Vinje har lagt stor vekt på språkstimulering og lese- og skriveopplæring i barnehagar og skular, og søknaden viser at kommunen har ei gjennomtenkt  og  medviten haldning til språk.  

Fjell kommune på Sotra i Hordaland vart nominert også i 2009, og fekk då heiderleg omtale av juryen. Kommunen syner i årets søknad at ei medviten haldning til nynorsk språk er innarbeidd som ei fagleg rettesnor i den kommunale organisasjonen og som eit strategisk verkemiddel i det kommunale overordna planverket.

Kommunen legg stor vekt på å auka språkkompetansen hjå dei tilsette, og ei medviten haldning til språkinnsats i barnehage og skule.

Fjell er ein kommune i sterk vekst, og har stor tilflytting frå nabokommunen Bergen. Det fører til at kommunen er under sterkt språkleg press.

Det siste året har Fjell fått mykje merksemd i media, og ikkje minst i Språkrådet, etter at dei dokumenterte at av dei 92 skriva kommunen fekk frå statlege organ i ein gitt testperiode var  81 prosent skrivne på bokmål. Og av alle skriv frå departementa i den same perioden – Kommunal-og regionaldepartementet inkludert - var absolutt alle skrivne på bokmål. Mållova slår fast at Fjell som nynorskkommune skal ha alle slike skriv på nynorsk.

Juryen har etter grundige vurderingar og drøftingar samla seg om ein kommune. Prisen for ”Årets nynorskkommune 2011” går til Fjell kommune. Andreplassen går til Vinje kommune.