Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012

Fleire får nytte Husleigetvistutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå 2012 skal Husleigetvistutvalet sine kontor i Bergen og Trondheim tilby tenester til alle som bur i Hordaland og Trøndelagsfylka. Det foreslår regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2012.

Frå 2012 skal Husleigetvistutvalet sine kontor i Bergen og Trondheim tilby tenester til alle som bur i Hordaland og Trøndelagsfylka. Det foreslår regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2012.

Husleigetvistutvalet (HTU) er eit tvisteløysingsorgan som kan mekle og avgjere alle typar tvistar om leige av bustad.

- Eg er nøgd med at enda fleire utleigarar og leigetakarar får glede av Husleietvistutvalget. Det er eit godt verkty når partane ikkje blir samde om til dømes husleige, oppseiing av kontraktar og frigjeving av depositum. Det er eit godt, raskt og rimeleg alternativ til rettssak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Fram til no har ordninga vore eit tilbod til innbyggjarar i Oslo, Akershus, Bergen og Trondheim. No ønskjer regjeringa at alle i Hordaland og Trøndelagsfylka også skal få nytte ordninga, og foreslår totalt 21,4 millionar kronar til HTU i 2012.

- HTU er eit rimeleg lågterskeltilbod. Det har vore stor pågang frå område utanfor bygrensene til Bergen og Trondheim. Difor er det viktig at vi no kan utvide Husleietvistutvalget sitt verkeområde til heile Hordaland og Trøndelagsfylka. Ei utviding er dessutan i tråd med anbefalinga frå bustadutvalet som la fram NOUen sin tidlegare i haust, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.