Historisk arkiv

Førehandsrøystinga startar onsdag 10. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Den ordinære førehandsrøystinga til kommunestyre- og fylkestingsvalet startar onsdag 10. august. Veljarane kan røyste på førehand til og med fredag 9. september.

Den ordinære førehandsrøystinga til kommunestyre- og fylkestingsvalet startar onsdag 10. august. Veljarane kan røyste på førehand til og med fredag 9. september.

- Hendingane 22. juli var eit angrep på Noregs demokrati. Deltaking i valet er viktig for å støtte opp om demokratiet og dei verdiane vi alle ønskjer å verne om. Eg vil difor oppfordre alle til å bruke røysteretten sin, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er kommunen som tek imot førehandsrøyster. Kommunen informerer om kvar vallokala ligg, opningstider og korleis ein går fram for å røyste. Ved førehandsrøystinga kan veljarane røyste i kva kommune som helst i landet.

Sjølve valdagen er måndag 12. september. Nokre kommunar har to-dagars val, her kan veljarane også røyste søndag 11. september. På valdagen må alle veljarar røyste i kommunen der dei er manntalsført.

Veljarar kan berre røyste ein gong. Det er viktig at alle tek med legitimasjon!

Det skal gjennomførast forsøk i 20 kommunar der 16- og 17-åringar har høve til å røyste ved kommunestyrevalet. Dette gjeld i følgjande kommunar: Austevoll, Gjesdal, Grimstad, Hamar, Hammerfest, Kautokeino, Kåfjord, Luster, Lørenskog, Mandal, Marker, Namdalseid, Osen, Porsgrunn, Re, Sigdal, Stavanger, Tysfjord, Vågå og Ålesund.

Det skal også gjennomførast forsøk med elektronisk røysting i 10 kommunar. Dette gjeld i følgjande kommunar: Bodø, Bremanger, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund. Sjå eigen pressemelding om forsøk med elektronisk røysting.

  • Sjå valg.no for meir informasjon.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.