Historisk arkiv

Hjelmeland får 780 000 i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Hjelmeland, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Hjelmeland, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret vil ha ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet.

Prosjektet Hjelmeland 24-7 legg vekt på deltaking i frivillig verksemd som ein viktig arena for å fremje bulyst. I prosjektet skal samhandlinga styrkast mellom frivillige lag og innbyggjarar. Hjelmeland samfunnshus og teaterlag har ei sentral rolle, og det skal mellom anna etablerast ungdomsteater. Det skal og byggjast eit inkluderande kvinnenettverk for inkludering av innflyttar- og innvandrarkvinner. Kommunen skal i tillegg skape inkluderande møteplassar.  

- Dette er eit utfordrande arbeid med mange interessante delprosjekt og eg gler meg til å sjå kva resultat det vil gi, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.