Historisk arkiv

Iveland kommune får 1 550 000 kroner frå bulystsatsinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse ligg i Aust-Agder, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eit av desse ligg i Aust-Agder, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Iveland kommune sitt prosjekt Åkle – utvikling av framtidas landsby får 1 550 000 kroner frå Kommunal- og regionaldepartementet si bulystsatsing.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet, fylkeskommunane og Distriktssenteret særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking, og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar.

- Regjeringa har styrka innsatsen for å skape attraktive lokalsamfunn og bulyst sidan me lanserte Distriktsløftet i 2005. I denne prosessen har me lært kort viktig det er at utviklingsarbeidet er godt forankra, og at fleire aktørar samarbeider. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Dette har vi lagt stor vekt på i utveljinga av bulystprosjekt, seier kommunal- og regionalministeren.

- Iveland har eit spanande prosjekt innanfor temaet stadutvikling. Iveland kommune kan difor vere ein kommune som går framom og viser veg når det gjeld heilskapleg planlegging og berekraftig utbygging av sentrumsområde i distriktskommunar. Me ser at det er stadig fleire som er opptekne av staden sin utforming, både fysisk og sosialt, når dei vurderer staden sin attraktivitet. Eg synes det er svært positivt at Iveland tek utgangspunkt i staden si historie, samstundes som dei møter framtida sine krav til byggjeskikk og bumiljø, seier statsråden.

Ordførar Ole Magne Omdal, Iveland kommune, og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Foto: Kommunal- og regionaldepartementet)

Gro-Anita Mykjåland, ordførar Ole Magne Omdahl, kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete og Kåre Gunnar Fløystad. (Foto: Kommunal- og regionaldepartementet)

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.