Historisk arkiv

131 millionar til regional utvikling i Finnmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsbudsjettet 2012

Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Finnmark fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 131,10 millionar kroner i 2012.

Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Finnmark fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 131,10 millionar kroner i 2012.

I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 80 prosent av desse midlane.

Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.

- Den lokale og regionale utviklingskrafta er avgjerande for at me skal halde fram med den positive utviklinga i landet vårt. Då er det viktig med gode rammevilkår, næringsutvikling og å utvikle attraktive lokalsamfunn. Difor satsar me så mykje på fylkeskommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Av løyvinga til Finnmark er 18,97 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.

5,33 millionar kroner av løyvinga til Finnmark fylkeskommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.