Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2012

2,68 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår å løyve om lag 2,68 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken i 2012. Under den raudgrøne regjeringa er det løyvd om lag 18 milliardar kroner til distrikts- og regionalutvikling.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 2,68 milliardar kroner til distrikts- og regionalpolitikken i 2012. Under den raudgrøne regjeringa er det løyvd om lag 18 milliardar kroner til distrikts- og regionalutvikling.

I lys av budsjettsituasjonen er løyvinga til dei særskilde distrikts- og regionalpolitiske verkemidla under Kommunal- og regionaldepartementet reduserte med om lag 92 millionar kroner frå 2011. Held vi kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift utanom, er løyvinga til distrikts- og regionalpolitikken 718 millionar kroner høgare i 2012 enn kva ho var i 2005. Dette er ein nominell vekst på 53,6 prosent.

- Dette syner at me held oppe innsatsen for å utvikle arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å ta ressursane i heile landet i bruk, og bidra til verdiskaping, arbeidsplassar og velferd der folk bur.

Fylkeskommunane forvaltar rundt 2,2 milliardar kroner, eller vel 80 prosent, av dei særskilde midlane til distrikts- og regionalpolitikken. Då er kompenasjonsmidlane for auka arbeidsgjevaravgift tekne med.

Rapportane frå fylkeskommunane for 2010 viser at fylkeskommunane fordelte 56 prosent av midlane til næringsutvikling, 20,5 prosent til å skape god lokal og regional kompetanse og infrastruktur og 16,5 prosent målet om å utvikle attraktive lokalsamfunn.

- Fylkeskommunane gjer eit i viktig arbeid for å nå dei  nasjonale måla for distrikts- og regionalpolitikken, seier Navarsete.

Tiltak i statsbudsjettet for 2012:

Næringsutvikling og entreprenørskap

  • Kommunale og regionale næringsfond: Regjeringa gjer framlegg om at Kommunal- og regionaldepartementet vidarefører den store satsinga på kommunale og regionale næringsfond med ei løyving på 225 millionar kroner i 2012. Næringsfonda skal gjere kommunar og regionar betre rusta til å legge til rette for verdiskaping og sysselsetting.

  • Næringshageprogrammet: SIVA har starta opp nytt næringshageprogram hausten 2011. Regjeringa gjer framlegg om at Kommunal- og regionaldepartementet gir 40 millionar kroner til programmet i 2012, ein auke frå 2011 og ei dobling frå 2010. Programmet skal bidra til å utvikle nye arbeidsplassar innan kunnskapsbaserte næringar i distrikta. Les eiga pressemelding om næringshageprogrammet.

  • Satsing på entreprenørskap blant unge i distrikta: Regjeringa gjer framlegg om å auke tilskotet til Ungt Entreprenørskap over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, med 2 millionar kroner til 13 millionar kroner. I tillegg gjer regjeringa framlegg om å auke den ekstraordinære satsinga på entreprenørskap blant unge i Nord-Noreg, som går gjennom Innovasjon Noreg, med 1 million kroner til 5 millionar kroner. Les eiga pressemelding om entreprenørskap blant unge i distrikta.

  • Verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar: Regjeringa gjer framlegg om å løyve 10 millionar kroner til ei ny ordning for å auke næringsutvikling og verdiskaping i særskilde område med potensial for dette. Områda som kan få støtte må gi ei sams tilhøyre for dei som bur og har aktivitet i området. Verdiar skal utviklast gjennom å gjere bruk av  natur- og kulturverdiar som ressurs på berekraftig vis. Les eiga pressemelding om verdiskapingsprogram for lokale og regionale parkar.

Attraktive lokalsamfunn og gode tenester

  • Styrking av MERKUR-programmet og utviklings- og investeringsstøtta til utkantbutikkar: Det er sett av 47,2 millionar kroner til desse tiltaka i 2012. Dette er ein auke på heile 21,2 millionar kroner, som blant anna skal nyttast til å utvide ordninga ved å styrke drivstofftilgangen i distrikta. Noko av midlane skal òg nyttast til å utvikle nye konsept for korleis dagligvarebutikkar kan styrke si stilling som sentral tenesteleverandør, til dømes som sosial arena for innbyggjarane. Dermed ønskjer departementet å

    o modernisere og styrke nærbutikkar, som viktige tenesteleverandørar i distrikta.
    o styrke tilgangen til drivstoff i distrikta.
    o ruste opp eksisterande anlegg i tilknyting til dagligvarebutikkar.

      Les eiga pressemeldingom drivstofftilgangen i distrikta.

  • Bulyst: Regjeringa gjer framlegg om å løyve 42 millionar kroner til tilskotsordninga Bulyst. Programmet skal støtte opp om lokale og regionale utviklingsprosjekt, som fremjer bulyst i heile landet, og skaffe ny kunnskap om kva som skapar bulyst. 10 millionar av midlane er reserverte til prosjekt som har fått støtte i 2011, for å sikre eit langsiktig perspektiv på arbeidet.

  • Nytt tilskot for bustadetablering i Distrikts- Noreg: Regjeringa foreslår å løyve 20 millionar kroner til eit tilskot som skal stimulere til auka tilbod av ulike typar bustader i kommunar med små og usikre bustadmarknader og/eller mangel på bustader. Eit av måla er å gjere det lettare å rekruttera arbeidskraft. Målet er å bidra til å utvikle attraktive lokalsamfunn. Tilskottet er ei ordning for utvalde kommunar. Les eiga pressemelding om nytt tilskot for bustadetablering i Distrikts-Noreg.

  • Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK): Regjeringa gjer framlegg om å løyve 30 millionar kroner til tiltaket i 2012. Satsinga, som fylkeskommunane har ansvar for å sette ut i livet, skal utvikle kommunane sitt arbeid med å planlegge, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingstiltak, for på det viset å bidra til meir attraktive lokalsamfunn.

Fylkesvise artiklar - dei regionale utviklingmidla for 2012

  • Gå til Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet 2012.

  • Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.