Historisk arkiv

11,5 millionar til regional utvikling i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statbudsjettet 2012

Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet frå Kommunal- og regionaldepartementet til Oslo kommune for regional utvikling blir på om lag 11,5 millionar kroner i 2012.

Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet frå Kommunal- og regionaldepartementet til Oslo kommune for regional utvikling blir på om lag 11,5 millionar kroner i 2012.

I statsbudsjettet for 2012 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,7 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte vel 80 prosent av desse midlane.

 - Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

2,5 millionar kroner av løyvinga til Oslo kommune skal dekkje den statlege deltakinga i det europeiske territorielle samarbeidet (Interreg).

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.