Historisk arkiv

Norsk Rockforbund får 1 million kroner til spanande kulturprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse prosjekta kom frå konsertarrangørenes interesseorganisasjon, Norsk Rockforbund, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

-Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader har det vore særleg stor interesse for. I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. 

- Norsk Rockforbund vil mellom anna satse på unge arrangørar av kulturhendingar i distrikta. Korleis kan dei bli flinkare, korleis kan kultur brukast for å få tilflytting, korleis kan kulturinteressert ungdom samarbeide betre med lokale styresmakter? Dette er eit spennande arbeid som både kommunar og departementet kan mykje lære av, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.