Historisk arkiv

Norske arkitekters landsforbund får 1,955 millionar kroner til utviklingsprosjektet Framtidens bygder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse prosjekta kom frå Etnedal kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekkje prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse prosjekta kom frå Etnedal kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. Tema som omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling samt prosjekt for å skaffe bustader har det vore særleg stor interesse for. I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar.

Vi har forsking som syner at korleis staden vert utforma, har vorte viktigare for folk når dei skal vurdere om ein stad er attraktiv og aktuell som tilflyttingsstad. I kva grad ein kan bygge og bu miljøvenleg er og eit viktig aspekt for mange i etableringsfasen. Prosjektet Framtidens bygder skal bidra til metodar for å auke kunnskapen om klimavenleg stadutvikling.

Det er positivt at departementet no kan vere med å finansiere eit prosjekt som etablerer eit samarbeid mellom norske distriktskommunar og aktørar som er i bresjen når det gjeld berekraftig stadutvikling. Dette vert eit nasjonalt prosjekt som vi trur vil ha interesse for mange kommunar i Noreg. Eg har god tru på at dette vil vere eit svært attraktivt prosjekt for mange kommunar å vere med på, avsluttar statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.