Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Ny rettleiar om inhabilitetsreglar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

– God kunnskap om og rett bruk av habilitetsreglane er viktig for at folk skal ha tillit til kommunen sin, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Difor vil alle norske kommunepolitikarar få ein rettleiar om korleis dei skal forhalde seg til det nye regelverket.

– God kunnskap om og rett bruk av habilitetsreglane er viktig for at folk skal ha tillit til kommunen sin, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Difor vil alle norske kommunepolitikarar få ein rettleiar om korleis dei skal forhalde seg til det nye regelverket.

Første november i år trer nye og strengare habilitetsreglar i forvaltningslova i kraft. I den nye rettleiaren gjev kommunal- og regionaldepartementet greie for lovendringa.

Lovendringa er ein del av regjeringa si satsing på etikk i kommunesektoren. Ordførarar og andre folkevalde, rådmenn og andre tilsette i kommunane som også til dømes er styremedlem i eit offentleg eid selskap, vil no bli ugilde når kommunen handsamar ei sak der selskapet er part.

Det er viktig at folkevalde og tilsette i kommunar og fylkeskommunar er merksame på dei nye reglane og kva konsekvensar dei kan få.

- Vi ventar medvitne lokale folkevalde som kan vege verdien av eit styreverv opp mot verdien av å vere med og treffe avgjerder i politiske organ, seier Navarsete.

- Klåre, tydelege rollar er naudsynt om innbyggjarane framleis skal ha tillit til kommunane. Tillit er viktig om lokaldemokratiet skal fungere, seier Navarsete.

Etter kommunestyre- og fylkestingsvalet 12. september skal kommunar og fylkeskommunar velje representantar til ei rekke folkevalde organ og verv.

– Det er særs viktig at desse vala blir utførd i tråd med gjeldande reglar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet gjev difor no også ut eit rundskriv som orienterer om reglane som mellom anna gjeld for val av formannskap/fylkesutval, kommuneråd/fylkesråd, ordførar/fylkesordførar, varaordførar og faste utval. Departementet omtalar mellom anna dei nye reglane i kommunelova § 80 a om val av styre for kommunale og fylkeskommunale aksjeselskap (reglar om kjønnsmessig balanse).


 Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen