Historisk arkiv

Økologisk stadutvikling i Sauherad får 800 000 i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Sauherad i Telemark, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Sauherad i Telemark, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. - Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Sauherad ønskjer å skape ein bærekraftig og attraktiv tettstadsutvikling med fokus på fortetting, gode møteplassar, grønstruktur, økologisk bustadbygging og god kontakt mellom tettstaden og fruktbygdas omkringliggjande kulturlandskap. Gjennom bolyst skal kommunen gjennomføre fire delprosjekt som bidrar til å realisere målet om å utvikle Gvarv med ein økologisk og bærekraftig profil og med ein landsbyprega posisjon i kulturlandskapet.

- Dette prosjektet er nyskapande og eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til i Sauherad, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.