Historisk arkiv

Omdømmeprosjekt i Skjåk får 2 700 000 i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Skjåk i Oppland, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Skjåk i Oppland, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

I Skjåk er 79 prosent av arealet nasjonalpark/vernet. Dette kan tolkast som ein avgrensing, men i Skjåk er det snudd positivt til å bety unike moglegheiter. Prosjektet Skjåk 79 skal freiste å gjere Skjåk meir levekraftig og tiltrekke seg nye innbyggjarar i åra som kjem. Prosjektet skal mellom anna jobbe med næringsutvikling, kompetanseutvikling og skape møteplassar. Prosjektet ønskjer og å utvikle eit kompetansesenter for naturforvaltning og å utvikle hyttekommunen Skjåk. Prosjektet legg i tillegg vekt på omdømme og profilering. Kommunen vil mellom anna vurdere tiltak retta mot potensielle tilflyttare.

- Eg ser fram til å følgje dette viktige prosjektet, seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.