Historisk arkiv

Omdømmeprosjekt i Sykkylven får 200 000 i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av prosjekta som no får 200 000 i støtte ligg i Sykkylven kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av prosjekta som no får 200 000 i støtte ligg i Sykkylven kommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Prosjektet skal etablere Sykkylven som kommunen for skaparglede. Identitet og omdømme skal byggje opp under dette, slik at Sykkylven blir sett på som eit attraktivt lokalsamfunn for dei med skaparglede. Gjennom prosjektet ønskjer Sykkylven mellom anna å oppnå at næringslivet tiltrekk seg kompetanse med skaparglede som kan vidareutvikle verksemdene. Prosjektet legg og vekt på at folk frå Sykkylven kan vere stolte av lokalsamfunnet og at born og unge blir medvitne om skapargleda i Sykkylven.

- Eg ser fram til å sjå kva resultat de klarer å få til i dette viktige prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.