Historisk arkiv

Omdømmeprosjekt i Volda får 200 000 i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse er ”StudiebygdA” i Volda i Møre og Romsdal, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse er ”StudiebygdA” i Volda i Møre og Romsdal, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. - Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Hovudmålet med prosjektet er å styrke Volda og regionen som attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion og å styrke Volda som regional og nasjonal studiestad og kompetansesenter. Kor attraktiv Volda er som studiestad er mellom anna avhengig av kor attraktiv området er som bu- og arbeidsmarknadsregion og omvendt.

- Dette omdømmeprosjektet grip fatt i heilt sentrale utfordringar for mange småkommunar. Eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.