Historisk arkiv

Prosjektet ”arbeidsplassar i møtet mellom kultur og næring” i Dalane får 850 000 kroner frå den nasjonale bulystsatsinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Distriktssenteret vil ha ei viktig rolle i oppfølginga av bulystsatsinga, både når det gjeld formidling og erfaringsoverføring frå arbeidet.

Dette er eit prosjekt som ønskjer å utvikle nye arbeidsplassar i møtet mellom kultur og næring. Prosjektet ønskjer å byggje opp ei bærekraftig og profesjonell kulturbasert næring i tett samarbeid med industrien ved Jøssingfjordsenteret og Magma geopark.

Eit av måla er å realisere eit vitensenter for bergverk, geologi, historie med meir i Jøssingfjord. Eit anna mål er å bruke geoparksatsinga til å stimulere til auka interesse for real- og naturfag blant ungdom. Eit tredje mål er å fullføre arbeidet med tilrettelegging og sikring av fire besøksgruver i regionen.

- Nettopp det tette samarbeidet med den aktive industrien trur eg er ein nøkkelfaktor som gjer at dette prosjektet blir ekstra spanande å følgje, seier statsråden. 

- Dette prosjektet kan vere til stor inspirasjon for andre småsamfunn i heile Noreg og eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til i dette viktige prosjektet, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00