Historisk arkiv

Prosjektet Lokale og regionale parkar får 500 000 kroner i støtte gjennom Bulyst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 180 søknader. Ein av søknadane som no får støtte skal arbeide med planlegging av parkplanlegging for bulyst og verdiskaping i Noreg.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal skaffe meir kunnskap om kva attraktive lokalsamfunn kan vere.  Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar.  Bulystsatsinga vart lansert første gong i 2010, og skal gå fram til 2013.  

Nettverket  av lokale og regionale parkar bringer inn perspektiv på lokal og regional utvikling som er spennande og framtidsretta. Med inspirasjon frå andre land i Europa tek dei fatt i dei kultur- og naturverdiane som finns i sine område, med sikte på å skape utvikling. Parkkonseptet er heilskapleg og  utviklingsorientert, både når det gjeld næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling i stort.
 
- Eg meiner det er viktig at nasjonale styresmakter kan bidra og bygge opp om slike nyskapande, gode lokale initiativ. Eg er derfor glad for å kunne støtte dette arbeidet gjennom Bulystsatsinga, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Frå venstre: Erling Oppheim, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Kristian Bjørnstad, Norske Parker, statsråd Liv Signe Navarsete og Eivind Snorre Brenna, Valdres Natur- og kulturpark. (Kommunal- og regionaldepartementet)

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.