Historisk arkiv

Saman om ein betre kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Utviklingsprogrammet "Saman om ein betre kommune" tar tak i dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren: Sjukefråvær, kompetanse/rekruttering, heiltid/deltid og omdømme.

Utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune” tar tak i dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren: Sjukefråvær, kompetanse/rekruttering, heiltid/deltid og omdømme.

- Dette er heilt sentrale områder som kommunesektoren og samfunnet må få resultat på. Eg er glad for at vi i dag kunne skrive under ein avtale med KS og arbeidstakarorganisasjonane om å jobbe saman om desse utfordringane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.


Statsråden skreiv i dag under avtalen saman med Jan Davidsen (LO Kommune), Mimi Bjerkestrand (Unio), Gunn Olander (YS Kommune), Halvdan Skard (KS) og Ole Jakob Knudsen (Akademikerne). Foto: Roger Holmsen/KRD.

”Saman om ein betre kommune” er eit fem-årig utviklingsprogram. Deltakarkommunar vil få hjelp til sitt arbeid med å få redusert sjukefråværet eller uønska deltid, få auka kompetansen og betra rekrutteringa til kommunale jobbar eller arbeide på andre måtar med å betre omdømmet til kommunen.

- Partane i ”Saman om ein betre kommune” har eit felles mål om å skape best muleg tenester til innbyggjarane landet rundt. Gode og fornøgde medarbeidarar, medvitne politikarar og gode leiarar skaper gode tenester. Mange sjukemeldingar skaper stress, usikkerheit og dårlegare tenester. Kompetente og dyktige tilsette lærer av kvarandre og yter ekstra, seier statsråden.

Derfor er det også grunnleggande at kommunane som blir med har gode prosjekt som andre kan lære av. Utviklingsprogrammet skal gje deltakarkommunane bistand og få fram kunnskap og gode eksempel til bruk for alle kommunar.

”Saman om ein betre kommune” bygger på Kvalitetskommuneprogrammet som blei avslutta i 2010. Kvalitetskommuneprogrammet viste at samarbeid lokalt mellom dei folkevalde, dei administrative leiarane og dei tilsette var viktig for å oppnå resultat. Kommunane vil bli tatt med i programmet etter søknad. Invitasjonen vil gå til alle kommunar våren 2011.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.