Historisk arkiv

Solund kommune får 1,9 millionar kroner frå bulystsatsinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse utviklingsprosjekta er ”Solund til 1000” i Sogn og Fjordane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse utviklingsprosjekta er ”Solund til 1000” i Sogn og Fjordane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal skaffe meir kunnskap om kva attraktive lokalsamfunn kan vere. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. Tema som tilflytting, omdømme, kulturbasert stad- og næringsutvikling, samt prosjekt for å skaffe bustader har det vore stor interesse for.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader. Solund kommune var blant søkarane som vann fram i konkurransen, og får tildelt 1.9 mill kroner frå Bulystsatsinga.

Kommunen vil mellom anna utvikle framtidsretta arbeidsplassar, energiøkonomiske bustader, legge til rette for kompetanseutvikling og personleg utvikling hjå innbyggarane, skape verdifulle møteplassar og korte ned reisetid frå eige sentrum til andre regionale sentra.

- Me ser at Solund kommune vil satse på brei front, men med unge menneskje som definert målgruppe. Det blir spanande å sjå kva kommunen får til i åra som kjem, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.