Historisk arkiv

Tilflyttingsprosjekt i Grong får 1 500 000 i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Grong i Nord- Trøndelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse ligg i Grong i Nord- Trøndelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Hovudmålet i prosjektet er auka tilflytting og bulyst for alle, gjennom satsing på inkludering og trivsel.  Grong ønskjer gjennom prosjektet å synliggjere at kommunen er ein internasjonal kommune med menneske frå mange land, og at alle innbyggjarane  skal vere stolte av det. Stoltheit, trivsel og inkludering skal skapast gjennom utvikling av nye møteplassar og ved å utvikle tiltak for å ta i bruk møteplassane. I tillegg skal det gjennomførast prosessar som skal resultere i kunstnarisk utsmykking av Grong sentrum.

- Dette prosjektet grip fatt i heilt sentrale utfordringar for mange småkommunar. Eg gler meg til å sjå kva resultat de klarer å få til, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.