Historisk arkiv

Ungdomsprosjekt i Lærdal får 500 000 i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. - Eitt av desse ligg i Lærdal i Sogn og Fjordane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. - Eitt av desse ligg i Lærdal i Sogn og Fjordane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Prosjektet ”Kulturbasert entreprenørskap – for, av og med ungdomen” i Lærdal skal gjennomføre ulike tiltak basert på arbeid, arrangement og attraktivitet. Gjennom satsing på desse tiltaka ønskjer prosjektet å gjere bygda meir attraktiv for ungdom. Alle tiltaka som er tenkt gjennomført i prosjektet er basert på kultur og dei aller fleste er og basert på næringsutvikling. Kulturbasert entreprenørskap er difor vesentlege element i prosjektet.

- Dette ungdomsprosjektet grip fatt i heilt sentrale utfordringar for mange småkommunar. Eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.