Historisk arkiv

Ungdomsprosjekt i Steinkjer får 1 000 000 i bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse er Nær-Ung og ligg i Steinkjer i Nord- Trøndelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse er Nær-Ung og ligg i Steinkjer i Nord- Trøndelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Nær-Ung er eit pilotprosjekt retta mot ungdom mellom 13 og 26 år. Prosjektet har tre hovudmålsettingar. Den første målsettinga er å bidra til å skape ein betre kultur for gründere, entreprenørskap og innovasjon blant ungdom. Den andre hovudmålsettinga er å bidra til å utvikle attraktive lokalsamfunn med fokus på ungdom og næring. Den tredje hovudmålsettinga er å bidra til metodeutvikling for gjennomføring av Kunnskapsløftet.

- Dette ungdomsprosjektet grip fatt i heilt sentrale utfordringar for mange småkommunar. Eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.