Historisk arkiv

Utviklingsprosjekt i Namsskogan får 1 million kroner i Bulystmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse er ”Fiber skaper bolyst” i Namsskogan i Nord- Trøndelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. - Det har vore eit krevjande arbeid å plukke ut dei beste av heile 182 søknader. Eitt av desse er ”Fiber skaper bolyst” i Namsskogan i Nord- Trøndelag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I utveljinga av Bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet særleg lagt vekt på kvalitet, forankring, nytenking og samarbeid. Viktige målgrupper er ungdom, kvinner og innvandrarar. Også fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknader.

Dette er eit treårig utviklingsprosjekt kor breiband til alle bedrifter og husstandar i Namsskogan skal stimulere til næringsutvikling og bulyst. Prosjektet skal gi ekstra utviklingskraft med grunnlag i utarbeida stadutviklingsplan og Namsskogan Familiepark sine utviklingsplanar om å bli ein nasjonal reiselivsattraksjon samt målsetting om å etablere nasjonalt rovdyrsenter for formidling, informasjon og kunnskapsutvikling.  Hovudmålet for prosjektet er auka tilflytting og bolyst.

- Prosjektet brukar breiband til distriktsutvikling og eg gleder meg til å sjå kva resultat de klarer å få til i, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.