Historisk arkiv

Veljarar i 10 kommunar kan førehandsrøyste via Internett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå 10. august kan veljarane i Bodø, Bremanger, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund førehandsrøyste via Internett.

Frå 10. august kan veljarane i Bodø, Bremanger, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Sandnes, Tynset, Vefsn og Ålesund førehandsrøyste via Internett.

Dei ti kommunane deltek i forsøk med elektronisk røystegjeving. På valdagen 12. september er det ikkje muleg  å røyste elektronisk, då må veljarane møte opp i vallokalet.

- Innbyggjarane i dei 10 kommunane kan vere med å prøve ut røysting via Internett.  Regjeringa er oppteken av best muleg tilgjenge for alle til å røyste, og røysting via Internett betrar tilgjenge. Me ønskjer ei moderne og framtidsretta valgjennomføring innanfor demokratiske tradisjonar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Veljarane avgjer sjølv om dei vil røyste via Internett eller om dei vil røyste på vanleg måte i eit vallokale. Røystar ein via Internett, kan ein røyste fleire gonger og den siste elektroniske røysta blir den gjeldande. Røystar ein med papirrøystesetel i eit vallokale, kan ein berre røyste éin gong. Ei papirrøyst vil annullere internettrøyster og vil alltid vere den teljande.

Må ha MinID og mobiltelefon

Alle som vil røyste via Internett, må vere registrert som brukar av MinID og ha registrert mobiltelefonnummeret sitt same stad. På www.minid.difi.no kan ein registrere seg som ny brukar eller oppdatere nummeret til mobiltelefonen. Her kan ein også bestille ny PIN-kode.

Alle som røystar via Internett må ha mobiltelefon fordi e-valsystemet skal sende ein kode til veljaren. Denne koden kan veljaren samanlikne med kodar på valkortet og koden stadfestar at røysta har komen fram og registrert riktig.

Forsøk

Den nyutvikla norske e-valløysinga er unik i verdssamanheng. Det norske forsøket har vekt internasjonal merksemd. Mellom anna følgjer ei ekspertgruppe frå OSSE/ODIHR forsøket.

- Internettrøysting er heilt nytt i Noreg og det er berre veljarane i forsøkskommunane som får prøve dette i år. Om røysting via Internett vil bli muleg ved seinare val, er det Stortinget som avgjer. Det blir gjennomført ei brei evaluering av forsøket. Eg håpar difor at flest muleg vil prøve å røyste via Internett, slik at vi får eit godt erfaringsgrunnlag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I kommunane Hammerfest, Mandal, Re og Ålesund kan også 16- og 17-åringane røyste via Internett. Desse kommunane deltek også i forsøk med nedsett røysterett til 16 år.

• Les meir på www.valg.no
• For å røyste via Internett, gå inn på eval.stat.no (frå 10.august kl. 09.00 til og med 9. september kl. 23.59).

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.