Historisk arkiv

Vil lovfeste samkommunen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil lovfeste samkommunemodellen. - Samkommune er ei god løysing for samarbeid mellom kommunar om lovpålagde oppgåver, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil lovfeste samkommunemodellen. - Samkommune er ei god løysing for samarbeid mellom kommunar om lovpålagde oppgåver, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg trur mange kommunar finn gode løysingar for å sikre dei beste tenestene til innbyggjarane sine ved å samarbeide med andre. Regjeringa vil gje kommunane eit nytt verkty dei kan nytte til dette, mellom anna i samband med samhandlingsreformen, seier Navarsete.

Modellen legg til rette for samarbeid på tvers av mange sektorar og om fleire ulike oppgåver under eit felles folkevald samkommunestyre. Nye reglar vil òg gjelde fylkeskommunar.

- Slik kan dei folkevalde sjå dei ulike områda i samanheng og lettare prioritere, seier Navarsete.

- Kommunane må leggje vekt på god folkevald styring og kontroll når dei etablerer ulike samarbeid – ikkje minst på så viktige område som helse og velferd, seier statsråden.

I proposisjonen ho legg fram i dag, foreslår ho samstundes nye reglar for eit styrkt lokaldemokrati.

Statsråden foreslår at kommunestyret eller fylkestinget minst ein gong i kvar valperiode skal vurdere kva dei skal delegere til administrasjonen og ikkje. Ho vil òg at kommunestyra og fylkestinga skal ta stilling til kven dei ynskjer skal lage innstilling i saker som skal handsamast i folkevalde organ.

- Lokale folkevalde må vere medvitne om  kva slags avgjerder dei sjølve skal ta, og kva administrasjonen skal bestemme. Innstillinga legg premissar for debatten. Difor bør kommunestyret tenkje gjennom kven dei ynskjer skal lage den, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.