Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2012

50 millionar kroner til Meløy kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I framlegget til revidert nasjonalbudsjett gjer regjeringa framlegg om å løyve 50 millionar kroner i omstillingsmidlar til Meløy kommune.

I framlegget til revidert nasjonalbudsjett gjer regjeringa framlegg om å løyve 50 millionar kroner i omstillingsmidlar til Meløy kommune.

Med nedlegginga av REC sine to verksemder i Glomfjord og ringverknadene dette har fått for andre verksemder i Meløy kommune, har kommunen mista rundt 650 arbeidsplassar på kort tid.

- Regjeringa ser svært alvorleg på den vanskelege situasjonen som Meløy kommune er komen opp i. Eg er difor glad for å kunne medverke til at det kan skapast nye arbeidsplassar og ny vekst i kommunen. Situasjonen i Meløy er vanskeleg både for lokalsamfunnet og ikkje minst for dei einskildpersonane og familiane dette gjeld, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Det er ikkje første gongen Meløy kommune er i ein omstillingsfase. Kommunen har tidligare vist at dei klarer å kome seg gjennom vanskeleg tider. Eg er såleis overtydd om at dei også denne gongen klarer det, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00