Historisk arkiv

530 millionar kroner meir til Vest-Agder neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.

Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.

I revidert nasjonalbudsjett 2012 blei skatteinntektene til kommunesektoren i 2012 oppjustert med 2,3 milliardar kroner. Meirskatteveksten er anslått til 1 870 millionar kroner for kommunane og 430 millionar kroner for fylkeskommunane. Dette er varige inntekter som blir vidareført i 2013. Tabellen syner anslag på fordelinga av desse inntektene. Skatteanslaget for 2012 er ytterlegare oppjustert med 2,6 milliardar kroner no i statsbudsjettet. Desse pengane blir ikkje vidareført neste år og synes ikkje i tabellen.

Sjå også forklaringar under tabellen.

 

Kommune

Fordeling av meirskatte-vekst 2012

Anslag på frie inntekter 2013

Anslag på vekst RNB 2012-2013

Vekst frå RNB 2012-2013

 

(mill. kr)

(1 000 kr)

(1 000 kr)

(prosent)

 

1

2

3

4

 

 

     

1001 Kristiansand

30,6

3 766 149

201 279

5,6

1002 Mandal

5,3

709 907

33 274

4,9

1003 Farsund

3,3

444 104

19 923

4,7

1004 Flekkefjord

3,2

460 499

27 026

6,2

1014 Vennesla

4,8

633 083

35 445

5,9

1017 Songdalen

2,2

288 519

15 697

5,8

1018 Søgne

3,9

481 518

27 382

6,0

1021 Marnardal

0,8

135 575

4 050

3,1

1026 Åseral

0,3

66 012

2 346

3,7

1027 Audnedal

0,6

103 022

2 829

2,8

1029 Lindesnes

1,7

240 630

17 515

7,9

1032 Lyngdal

2,8

385 229

20 671

5,7

1034 Hægebostad

0,6

99 735

5 136

5,4

1037 Kvinesdal

2,1

302 100

18 235

6,4

1046 Sirdal

0,7

123 628

2 955

2,4

Fordelast gjennom året

 

6 100

   

Vest-Agder

62,8

8 245 811

433 864

5,6

 

 

     

Vest-Agder fylkeskommune

16,0

1 890 314

95 987

5,3

         

Totalt for Vest-Agder

78,8

10 136 125

529 851

 

 

Tabellforklaring

Fyrste kolonne:
Syner anslag på meirskattevekst i RNB målt i millionar kroner i 2012. Anslaga på fordelinga av meirskatteveksten i 2012 er usikre, og tek utgangspunkt i fordelinga av skatt i 2011, framskrive med innbyggjartalet i 2012. I skatteanslaget er anslag på skatteutjamning inkludert.

Andre kolonne:
Syner anslag på kor mykje kvar kommune får i frie inntekter i 2013, målt i 1000 kroner.

Tredje kolonne:
Syner anslag på kor mykje meir pengar kvar kommune får rekna frå RNB 2012 til nasjonalbudsjettet 2013. Veksten er korrigert for endringar i kommunanes oppgåver.

Fjerde kolonne:
Syner veksten målt i prosent. Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal også dekkje pris- og lønsauke frå 2012 til 2013. Denne er rekna til 3,30 prosent.