Forsida

Historisk arkiv

725 millionar kroner meir til Buskerud neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsbudsjettet 2013

Fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Buskerud og Buskerud fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.

Tabellen syner fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Buskerud og Buskerud fylkeskommune i 2013, og den nominelle veksten i frie inntekter frå RNB 2012 til 2013.

I revidert nasjonalbudsjett 2012 blei skatteinntektene til kommunesektoren i 2012 oppjustert med 2,3 milliardar kroner. Meirskatteveksten er anslått til 1 870 millionar kroner for kommunane og 430 millionar kroner for fylkeskommunane. Dette er varige inntekter som blir vidareført i 2013. Tabellen syner anslag på fordelinga av desse inntektene. Skatteanslaget for 2012 er ytterlegare oppjustert med 2,6 milliardar kroner no i statsbudsjettet. Desse pengane blir ikkje vidareført neste år og synes ikkje i tabellen.

Sjå også forklaringar under tabellen.

 

Kommune

Fordeling av meirskatte-vekst 2012

Anslag på frie inntekter 2013

Anslag på vekst RNB 2012-2013

Vekst frå RNB 2012-2013

 

(mill. kr)

(1 000 kr)

(1 000 kr)

(prosent)

 

1

2

3

4

 

 

     

0602 Drammen

23,9

2 957 642

169 488

6,1

0604 Kongsberg

9,9

1 199 356

51 226

4,5

0605 Ringerike

10,3

1 304 246

59 888

4,8

0612 Hole

2,9

324 632

18 845

6,2

0615 Flå

0,4

68 032

1 764

2,7

0616 Nes

1,2

173 671

8 823

5,4

0617 Gol

1,6

233 550

10 003

4,5

0618 Hemsedal

0,8

125 552

14 251

12,8

0619 Ål

1,7

246 938

8 220

3,4

0620 Hol

1,7

227 428

10 133

4,7

0621 Sigdal

1,3

194 075

9 707

5,3

0622 Krødsherad

0,8

116 373

4 838

4,3

0623 Modum

4,6

603 539

28 691

5,0

0624 Øvre Eiker

6,2

787 888

43 172

5,8

0625 Nedre Eiker

8,2

1 040 103

53 004

5,4

0626 Lier

9,3

1 138 794

59 997

5,6

0627 Røyken

7,3

887 060

42 070

5,0

0628 Hurum

3,3

419 967

17 699

4,4

0631 Flesberg

0,9

145 965

10 256

7,6

0632 Rollag

0,5

93 819

4 844

5,4

0633 Nore og Uvdal

0,9

148 718

6 789

4,8

Fordelast gjennom året

 

17 694

   

Buskerud

97,7

12 455 044

631 707

5,3

 

 

     

Buskerud fylkeskommune

21,2

2 444 457

93 538

4,0

         

Totalt for Buskerud

118,9

14 899 501

725 245

 

 

Tabellforklaring

Fyrste kolonne:
Syner anslag på meirskattevekst i RNB målt i millionar kroner i 2012. Anslaga på fordelinga av meirskatteveksten i 2012 er usikre, og tek utgangspunkt i fordelinga av skatt i 2011, framskrive med innbyggjartalet i 2012. I skatteanslaget er anslag på skatteutjamning inkludert.

Andre kolonne:
Syner anslag på kor mykje kvar kommune får i frie inntekter i 2013, målt i 1000 kroner.

Tredje kolonne:
Syner anslag på kor mykje meir pengar kvar kommune får rekna frå RNB 2012 til nasjonalbudsjettet 2013. Veksten er korrigert for endringar i kommunanes oppgåver.

Fjerde kolonne:
Syner veksten målt i prosent. Dei nominelle veksttala for einskildkommunar skal også dekkje pris- og lønsauke frå 2012 til 2013. Denne er rekna til 3,30 prosent.