Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2012

Auka eigenkapital til Kommunalbanken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa foreslår å styrke eigenkapitalen i Kommunalbanken med 1118 millionar kroner. – Det vil sikre kommunane god tilgong på lån også framover, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa foreslår å styrke eigenkapitalen i Kommunalbanken med 1118 millionar kroner. – Det vil sikre kommunane god tilgong på lån også framover, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Slik sikrar me at Kommunalbanken framleis kan auke utlåna til kommunane. Kommunane treng lån til utbygging av skular, sjukeheimar og vegar. Styrkinga av eigenkapitalen til Kommunalbanken vil vere med på å sikre ei god utvikling i kommunane, seier Navarsete.

Kommunalbanken spelar ei viktig rolle i finansiering av kommunal infrastruktur.

Banken har hatt sterk vekst i utlån dei seinare åra. Årsaka til dette er stor etterspurnad etter lån frå kommunane i samband med bygging og utbetring av barnehagar, skular, sjukeheimar, vegar og vatn- og avløpstenester.

Kapitalauken bidreg til at dei nye krava til kapitaldekning vert fylgt. Samtidig kan banken framleis gje lån til kommunane.

Med auka eigenkapital vil Kommunalbanken oppfylle Finanstilsynet sine nye krav om kapitaldekning.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00