Historisk arkiv

Auka valdeltaking blant førstegongsveljarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Nær halvparten av førstegongsveljarane røysta ved kommunestyrevalet i haust. Dette er ein stor auke frå låge 33 prosent i 2007. – Det gir meg håp for framtida, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Nær halvparten av førstegongsveljarane røysta ved kommunestyrevalet i haust. Dette er ein stor auke frå låge 33 prosent i 2007. – Det gir meg håp for framtida, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

– Det gjer meg meir trygg på tramtida at dagens unge generasjon sluttar opp om demokratiet når dei ser det blir truga, seier Navarsete.

Ved førre kommuneval stemte berre 33 prosent av førstegongsveljarane. Ved valet i fjor haust auka oppslutninga mellom ungdommane med 13 prosentpoeng til 46 prosent.

Forskarane Johannes Bergh og Guro Ødegård ved Institutt for Samfunnsforskning  vektlegg terrorangrepet i Oslo og massakren på Utøya 22. juli 2011 som ein viktig årsak til den sterke auken i valdeltakinga blant førstegongsveljarane.

– Vi hadde håpa på ein endå større auke i valdeltakinga ved kommunevalet i haust enn det vi såg. Men det er godt å sjå dei tala vi ser i dag. Dette betyr at dei unge mobiliserer når dei ser ungdommar blir ramma i sitt arbeid for demokratiet, seier Navarsete.

Ho er også nøgd fordi forsking syner at når ein først har stemt som førstegongsveljar, er sjansen større for at ein vil nytte stemmeretten igjen.

– Eg håper vi vil sjå dette ved val i framtida og at dei unge vil mobilisere også ved komande val. Det er viktig å hegne om demokratiet vårt, seier Navarsete.

Valdeltakinga samla blei på 64,5 prosent på landsbasis. Bakgrunnstala viser at det framleis er dei eldste som i størst grad brukar stemmeretten sin. Alle aldersgrupper auka deltakinga frå kommunevalet i 2007 til valet i fjor haust, men ingen kan vise til like stor auke som førstegongsveljarane. Heile 78 prosent av dei mellom 60 og 69 år stemte i haust.

Valdeltakinga blant 16- og 17-åringane i dei 20 kommunane som deltok i forsøket med nedsett stemmerettsalder i haust, var på 58 prosent. I desse kommunane har ein hatt eigne kampanjar og opplegg retta mot ungdom. Institutt for samfunnsforskning saman med Rokkansenteret følgjer forsøket og skal evaluere det.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00