Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fire kommunar får Europarådets pris for god styring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Stavanger, Time, Lillesand og Bærum kommunar får Europarådets utmerking for innovasjon, godt styresett og lokaldemokrati. – Dei fire kommunane gjer ein god innsats og fortener heider, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Stavanger, Time, Lillesand og Bærum kommunar får Europarådets utmerking for innovasjon, godt styresett og lokaldemokrati. – Dei fire kommunane gjer ein god innsats og fortener heider, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden sjølv var med på utdelinga av prisane under ordførarkonferansen i Oslo 23. mai.

- Dei fire kommunane har mykje å lære bort på ulike område. Eg vil gratulere Time, Stavanger, Bærum og Lillesand med den gjeve utmerkinga og ønske lukke til med godt arbeid også framover, seier Navarsete.

Stavanger får pluss for sitt omfattande arbeid med inkludering og mangfald. Time sin styrke er særleg knytt til openheit og godt tilgjenge. Lillesand sin fremste styrke er knytt til innovasjon og at kommunen er open for endring. Bærum er ein effektiv kommune og vil ha mykje å lære bort til andre kommunar om tiltak for effektiv drift.

Både kommunane sjølve, innbyggjarane og ekspertar har vurdert situasjonen for lokaldemokrati og lokal styring i dei fire kommunane.

Kommunane har blitt prøvd etter tolv prinsipp i Europarådets strategi for innovasjon og godt styresett på lokalt nivå. Desse handlar blant anna om kommunen legg til rette for rettferdige val, representasjon og deltaking, om kommunen vert drifta effektivt, om etiske omsyn blir ivaretekne, om innovasjon og om kommunen støttar opp om og arbeider for menneskerettar og kulturelt mangfald. Kommunal- og regionaldepartementet og KS samarbeidar om å setje strategien ut i livet i Noreg.

Kommunane scorar ulikt på dei ulike prinsippa og viser ulik styrke, men alle dei fire når så høg score på alle prinsippa at dei kvalifiserer for prisen.

Noreg har saman med Bulgaria, Nederland, Spania og Belgia vore pilotland i gjennomføringa av strategien. Vi er det andre landet som deler ut prisen.

- Dette er eit nytt verkemiddel. Gjennom å kunne måle seg mot dei tolv prinsippa for godt lokaldemokrati kan kommunane finne ut om sine sterke og svake sider. Dette vil bidra til utvikling av lokaldemokratiet i den enkelte kommune. Dette er til beste for innbyggjarane og kan også inspirere andre kommunar, seier Navarsete.  

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen