Historisk arkiv

Kan påleggje utbetring av bevaringsverdige bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Vi vil hindre at bevaringsverdige bygg går tapt. Frå nyttår kan kommunane påleggje eigarar å utbetre, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Vi vil hindre at bevaringsverdige bygg går tapt. Frå nyttår kan kommunane påleggje eigarar å utbetre, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunen skal berre kunne krevje at bygget blir utbetra til nivået det hadde hatt dersom det hadde blitt normalt heldt ved like.

- Dette vil truleg få størst verknad for eigedomar med høg tomteverdi. Der kan det i nokre tilfelle løne seg å la bygg forfalle så lenge at ein kan rive det. Men det vil også  ha verknad for andre eigedomar, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Ordninga gjeld berre bygningar, ikkje alle typar byggverk. Ein kan også få pålegg om sikring av bygg dersom det er fare for at verdiar skal gå tapt.

Kommunen må først vurdere verdien av å bevare, og må også gå i dialog med eigaren. Eigaren skal mellom anna få høve til å greie ut alternativ bruk eller regulering. Det skal også takast omsyn til eigaren sin situasjon. Det gjeld både økonomisk og på annan måte. Dessutan skal eigaren få rimeleg frist for å utbetre bygget.