Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013

Meir til forsking og innovasjon i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa satsar meir på forsking og innovasjon. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) aukar ramma til VRI (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon) og Forskningsløft i Nord med i alt 10,2 millionar kroner.

Regjeringa satsar meir på forsking og innovasjon. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) aukar ramma til VRI (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon) og Forskningsløft i Nord med i alt 10,2 millionar kroner.

Regjeringa legg vekt på å gje næringslivet i distrikta gode moglegheiter for utvikling og auka sysselsetting. Derfor styrkar regjeringa KRD si løyving til VRI med 5,2 millionar kroner til 44,2 millionar kroner, og løyvinga til Forskningsløft i Nord med 5 millionar kroner til 40 millionar kroner i 2013.

- VRI og Forskningsløft i Nord er viktige verkemiddel for kompetansearbeidsplassar og utvikling av nytt kunnskapsbasert næringsliv mellom anna i Nord-Noreg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

VRI er Forskningsrådet si satsing på regional innovasjon og vert finansiert av fleire departement. VRI skal bidra til å fremje samhandling mellom bedrifter, forskingsmiljø og offentlege aktørar i regionen. I ramma til VRI inngår frå 2013 departementet si løyving til dei regionale representantane til Forskingsrådet. Forskingsløft i nord har som mål å styrke og vidareutvikle forskingskompetansen i Nord-Noreg innanfor arktisk teknologi og reiseliv.  

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.