Historisk arkiv

Navarsete vil gje tydelegare føringar for etablering av samlokaliserte bustader og bufellesskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ynskjer tydelegare føringar for kvalitet og utforming av samlokaliserte bustader og bufellesskap.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ynskjer tydelegare føringar for kvalitet og utforming av samlokaliserte bustader og bufellesskap.

˗ Det er viktig at samlokaliserte bustader ikkje får eit institusjonsliknande preg. Talet på bustadeininger som lokaliserast saman skal ikkje vere for stort, og bustadene bør plasserast i ordinære bumiljø. Ulike grupper skal heller ikkje samlokaliserast på ein uheldig måte. Dette skal tydeleggjerast i retningslinjene for tilskot, seier statsråden.

I vår fekk ho iverksett ei undersøking, som ser på kva for faktorar som ligg til grunn når kommunar etablerer samlokaliserte bustader og bufellesskap.

Rapporten, som Fafo har laga, viser at det å byggje samlokaliserte bustader til ulike grupper ser ut til å ha blitt meir vanleg over tid. Det er fleire faktorar som avgjer om bufellesskap eller samlokaliserte bustader vil fungere som gode løysningar for dei som bur der. Storleiken på bustadene er viktig. Andre element som spelar inn er utøving og kvalitet i tenesta, samansetjinga av dei som bur der, valfridomen til den enkelte brukar, høve til arbeid og aktivitet på dagtid, lokalisering, og utforming av bygningane.

˗ På bakgrunn av funna i rapporten og signala eg har fått tidlegare, ser eg behov for å tydeleggjere føringane for kvalitet og utforming av samlokaliserte bustader og bufellesskap, seier Navarsete.