Historisk arkiv

Ny rapport har kartlagt eksporten frå norske regionar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

"Eksport fra norske regioner - Hvorfor så store forskjeller?" (Menon-rapport 2/2012) viser at det er store skilnader i mellom dei ulike fylka og regionane i landet når det gjeld kor eksportretta dei er.

"Eksport fra norske regioner - Hvorfor så store forskjeller?" (Menon-rapport 2/2012) viser at det er store skilnader i mellom dei ulike fylka og regionane i landet når det gjeld kor eksportretta dei er.

Rapporten deler grovt sett landet i to. Ein del som eksporterer mykje, og ein del som eksporterer relativt lite. Område med spreidd busetnad står klart fram som mest eksportintensive. Desse områda har høgast grad av eksport, høgast eksport per innbyggjar og høgast eksport per sysselsett i næringslivet.

- Denne oversikta viser kor viktig dei norske kystregionane er for norsk verdiskaping og sysselsetting. Eksporten i og omkring storbyane og dei store eksportnæringane langs kysten er avhengige av kvarandre. Dette er viktig kunnskap i vårt arbeid med å styrke verdiskaping over heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Funna i rapporten tyder på at fleire store norske eksportnæringar svært truleg vil stå seg godt framover. Føresetnaden er at dei held fram med å prioritere kunnskap, nettverk og spesialisering.

Rapporten er laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Menon
har kartlagt eksporten frå alle norske regionar. Arbeidet er nyskapande på fleire måtar. For fyrste gong er òg eksporten av tenester med i statistikken. I tillegg er statistikken basert på kor bedriftene/produksjonen er lokalisert, og ikkje adressa til hovudkontoret.

Menon har utarbeidd tre ulike framtidsbilete. Dei er i sin natur usikre. I framtidsbileta kjem det fram at olje- og gassrelaterte næringar, som maritim sektor og offshore leverandørindustri, truleg vil gå godt i åra som kjem. Sjømatnæringa står òg sterkt, ifølgje rapporten. Mangel på kvalifisert arbeidskraft er og blir ei utfordring for nokre regionar.

Rapporten viser at eksportverdiane, målt per innbyggjar, er størst i dei fire vestlandsfylka samt Vest-Agder. Ser ein på total eksport, kjem storbyregionane høgt. Hovudstaden markerer seg ved svært høg tenesteeksport.

Sjølv om regionar som eksporterer mykje er dei som hardast vil merke ein nedgang i viktige marknader, er regionar med låg eksport slett ikkje skjerma frå den internasjonale utviklinga.  Konkurransen på marknaden heime aukar, og desse regionane har ein næringsstruktur som gjer at bedriftene har få alternativ. 

Menon har òg studert årsakene til at nokre regionar eksporterer meir enn andre. Hovudforklaringa på variasjonane er næringsstruktur.  Eit anna interessant funn er at eksport avlar meir eksport.  Ikkje overraskande er særleg dei kunnskapstunge eksportnæringane, med høg produktivitet og lønnsemd, sterke. Sterke klynger forsterkar den positive utviklinga ytterlegare. Lokalisering av naturressursar spelar framleis ei stor rolle, men denne rolla blir gradvis mindre på grunn av meir tenesteeksport. Tenesteeksporten utgjer no om lag 50 prosent av all norsk eksport, når ein ser bort frå olje og gass.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.