Historisk arkiv

Opne møte i kontrollutval og kommunale føretak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsråd Liv Signe Navarsete føreslår for Stortinget at møte i kontrollutval og styremøte i kommunale føretak som hovudregel skal vere opne. – Eg ynskjer å gje innbyggjarane og media innsyn i kommunal verksemd, seier Navarsete.

Statsråd Liv Signe Navarsete føreslår for Stortinget at møte i kontrollutval og styremøte i kommunale føretak som hovudregel skal vere opne. – Eg ynskjer å gje innbyggjarane og media innsyn i kommunal verksemd, seier Navarsete.

Lovproposisjonen er eitt av resultata av arbeidet i Kommunal- og regionaldepartementet for ein endå betre eigenkontroll i kommunane. Det er og ei oppfølging av arbeidsgrupperapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane.

– Kontrollutvalet er kontrollorganet til kommunestyret. Dei handsamar viktige saker som handlar om kommunale tenester, økonomi og måloppnåing. Eg meiner det er viktig og rett at desse møta som hovudregel er opne, seier statsråden.

Departementet gjer óg framlegg om at styremøta i kommunale føretak som hovudregel skal vere opne.

– Kommunale føretak er ein del av kommunen, og dei bør i stor grad vere opne for innsyn, seier Navarsete.

Statsråden vil òg sikre at kontrollutvala og revisorane får rett til innsyn i alle interkommunale samarbeid etter kommunelova § 27 og i alle aksjeselskap som direkte eller indirekte eigde av kommunen. 

– Ansvaret for ein styrkt eigenkontroll ligg fyrst og fremst hos kommunane. Departementet sitt ansvar er mellom anna å sørgje for eit godt regelverk. Desse lovframlegga vil bidra til det, seier Navarsete.

Styrkt eigenkontroll er viktig for å sikre tilliten innbyggjarane har til kommunen. Det sikrar og effektiv og rett ressursbruk i kommunen. Statsråden peiker òg på samanhengen mellom eigenkontrollen og statleg tilsyn. 

– Eg ser det slik at i kommunar med aktiv forvaltningsrevisjon og eigenkontroll bør statlege tilsynsetatar ta omsyn til det og redusere tilsynet sitt, seier Liv Signe Navarsete.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00