Historisk arkiv

Regjeringa aukar låneramma i Husbanken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

− Regjeringa ynskjer å medverke til auka bustadbygging i Noreg. Difor har vi i dag gjort framlegg om å auke låneramma i Husbanken til 20 milliardar kroner, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

− Regjeringa ynskjer å medverke til auka bustadbygging i Noreg. Difor har vi i dag gjort framlegg om å auke låneramma i Husbanken til 20 milliardar kroner, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa gjer framlegg om å auke låneramma inneverande år med fem milliardar kroner, frå 15 til 20 milliardar kroner.

Det er eit stort behov for fleire bustader sjølv om talet på bygde bustader aukar. Vi veit samtidig at innbyggjarane i Noreg i gjennomsnitt blir eldre i åra som kjem, og difor treng bustader med god standard, seier Navarsete.

Låna i Husbanken er viktige for å auke bustadbygginga og påverke kvaliteten på det som blir bygd. Storparten av auken i låneramma blir gjeve til grunnlån, som igjen gjer det mogleg å byggje fleire bustader.

Husbanken gjev lån for å sikre bustadetablering for unge og vanskelegstilte, og for å fremje kvalitetar som energieffektivisering og universell utforming i bustader og bygg.  Det blir òg gjeve lån til bygging av barnehagar.

Prop. 8 S (2012-2013) Auka låneramme i Husbanken