Historisk arkiv

Skjerpa energikrav for bygg i klimameldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa varslar ein opptrappingsplan for å skjerpe energikrav i bygg til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020.

Regjeringa varslar ein opptrappingsplan for å skjerpe energikrav i bygg til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020.

Dei nye ambisjonane for energibruk i bygg blei gjort kjent i Regjeringas klimamelding.   

- Heile 40 prosent av energibruken vår er i bygg. Difor vil regjeringa skjerpe energikrava i byggjereglane til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

I følgje FNs klimapanel er energieffektivisering av bygg eit av dei viktigaste og mest kostnadseffektive tiltaka for å redusere klimagassutslepp globalt. I Noreg blir ein stor del av energibruken i bygg dekt av elektrisitet, hovudsakleg frå vasskraft. Energieffektivisering av bygg i Noreg vil kunne frigjere elektrisitet til bruk i sektorar som no brukar annan energi. Det gjer det mogleg å redusere klimagassutsleppa der. Redusert energibruk i bygg kan dessutan styrkje forsyningstryggleiken for straum.

- Mange bygg har allereie ein betre energistandard enn krava som gjeld i dag. Når vi no melder frå i god tid om endringar, reknar eg med at byggjenæringa er klar til å byggje meir energieffektive bygg om nokre år, seier Navarsete.

- Resultata frå arbeidsgruppa for energieffektivisering i bygg, som eg sette ned i desember 2009, er ein del av grunnlaget vi no skal arbeide vidare med. Vi vil også gjere fleire utgreiingar, seier Navarsete.

  • Sjå nett-tv frå pressekonferansen om klimameldinga.

  • Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00