Historisk arkiv

Varslar ny rettleiar om kommunale gebyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Nye rapportar syner at nokre kommunar manglar dokumentasjon for reknestykka bak gebyra sine. Vi kjem med ein tydelegare rettleiar for korleis kommunane kan rekne ut gebyr. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Nye rapportar syner at nokre kommunar manglar dokumentasjon for reknestykka bak gebyra sine. Vi kjem med ein tydelegare rettleiar for korleis kommunane kan rekne ut gebyr. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

For mange tenester skal ikkje kommunen ta meir i gebyr enn kva det kostar å levere tenestene. Kommunal- og regionaldepartementet har retningsliner for korleis ein reknar ut slik sjølvkost.

No har forskarar frå Telemarksforsking og BDO laga tre utgreiingar om kommunale gebyr. Målet har vore å få betre kunnskap om korleis kommunane praktiserer reglane om sjølvkost.

Rapportane gjev mellom anna svar på korleis kommunane bereknar sjølvkost innan vassforsyning, avløp, renovasjon og SFO. Dessutan har ein undersøkt gebyra for byggjesak i nokre utvalde kommunar. Departementet har også fått innspel til nye retningsliner for å berekne sjølvkost.

Utgreiingane syner at det kan skorte på dokumentasjonen av grunnlaget for sjølvkost. Det finst også feil og manglar i nokre av reknestykka frå kommunane, utan at dét nødvendigvis inneber at gebyra er sett for høgt. Samstundes seier rapportane at det allereie er betring å spore. Forskjellar i gebyra for byggjesaker ser mellom anna ut til å skuldast at ein del kommunar subsidierer ein eller fleire av avgiftene sine.

- Vi vil følgje opp rapportane og innspela frå forskarane. Innan året skal vi revidere retningslinene. Då får kommunane ei betre rettesnor for å berekne sjølvkost. Kommunane må følgje reglane og kunne vise grunnlaget for gebyra dei vedtek, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.