Historisk arkiv

900 000 kroner til ”Ny giv” i Karasjok

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

I år har vi motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spennande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av utfordringar knytt til integrering og tilflytting. Samla har vi sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. 900 000 kroner går til ”Ny giv” i Karasjok.

I år har vi motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spennande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av  utfordringar knytt til integrering og tilflytting. Samla har vi sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. 900 000 kroner går til ”Ny giv” i Karasjok.

- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. Distriktssenteret spelar ei sentral rolle i formidling og synleggjering av prosjekta.

- Bulyst er inne i sitt fjerde og siste år. Dei tre første åra har 98 ulike prosjekt fått om lag 124 millionar kroner. Eg er stolt over det me har oppnådd gjennom desse spennande lokale utviklingsprosjekta, seier statsråden.  Det har skapt både inspirasjon og entusiasme i lokalmiljøa. I år får 49 prosjekt til saman vel 55 millionar kroner. Eg vonar at prosjekta gir gode resultat i kommunar og lokalsamfunn.

Ny giv i den samiske kommunen Karasjok, 900 000 kroner, Karasjok næringsforening
Næringsforeininga i kommunen ynskjer å gå i bresjen for å snu det dei definerer som ei negativ utvikling for kommunen, mellom anna knytt til demografiske utfordringar.  Dei vil styrke næringsutviklinga i kommunen, gjennom å fokusere på omdømmetiltak, auka bulyst og buglede. Arbeidet i prosjektet er forankra i den strategiske næringsplanen for kommunen. Gjennom betre informasjon ut til folk skal kommunen og næringslivet syne fram dei tilboda som finns i kommunen, for på den måten å styrke det lokale næringslivet. Ei slik oversikt skal og vere utgangspunkt for nye tiltak som kan utvikle tenestetilbod, service og bulyst for folk i kommunen.

- Prosjektet som no får støtte kan vere til inspirasjon for andre lokalsamfunn i heile Noreg, og eg gleder meg til å sjå kva resultat dei klarer å få til, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.