Historisk arkiv

94,09 millionar til regional utvikling i Hedmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsbudsjettet 2014

Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Hedmark fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 94,09 millionar kroner i 2014.

Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Hedmark fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 94,09 millionar kroner i 2014.

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å løyve rundt 2,76 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte om lag 77 prosent av desse midlane.

Frå 2014 vil modellen for fordeling av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla mellom fylkeskommunane bli endra, slik det blei varsla i Meld. St. 13 (2012-2013) Ta heile Noreg i bruk. Ny fordelingsmodell er i tråd med målet om å kanalisere mest ressursar til område med særskilde utfordringar, og tar i større grad utgangspunkt i kommunane sitt behov for ein distriktsretta ekstrainnsats. Samla sett vil fordelinga av midlane ha ein klar distriktsprofil, ved at fylkeskommunane med kommunar med størst utfordringar vil bli særskilt prioritert i fordelinga av midlane.

Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.

- Vi ser tendensar til ei ny todeling av Noreg. Tidlegare gjekk det eit økonomisk skilje mellom nord og sør. No veks det fram større skilnader mellom kyst og innland, og småsamfunn både i sør og nord har store utfordringar. Dette gjer det naudsynt å endre fordelinga av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla slik at den betre speglar det enkelte fylke sine utfordringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Av løyvinga til Hedmark er 14,59 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.

3 millionar kroner av løyinga til Hedmark er sette av til å møte omstillingsutfordringar.

Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2013 var kompensasjonsmidlane i Hedmark på 16,1 millionar kroner.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.