Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014

Bustader til fleire vanskelegstilte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

– I Noreg skal alle bu trygt og godt. Difor gjer regjeringa framlegg om å løyve 20 milliardar kroner til lån frå Husbanken og til saman 4,2 milliardar kroner til bustøtte og tilskot til ulike bustadtiltak i 2014, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

– I Noreg skal alle bu trygt og godt. Difor gjer regjeringa framlegg om å løyve 20 milliardar kroner til lån frå Husbanken og til saman 4,2 milliardar kroner til bustøtte og tilskot til ulike bustadtiltak i 2014, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa gjer framlegg om ei låneramme på 20 milliardar kroner i Husbanken i 2014. Det vil leggje til rette for ein god bruk av låneordningane til Husbanken. Blant desse er startlån som hjelper personar med langvarige vanskar på bustadmarknaden til å skaffa seg eller halde på ein eigna bustad.

Regjeringa vil leggje til rette for ei bustøtteordning som er betre innretta mot barnefamiliar med låge inntekter og gjer framlegg om å styrkje bustøtta med 50 millionar kroner. Den samla løyvinga for bustøtte blir på 3 milliardar kroner i 2014. 

Regjeringa gjer òg framlegg om å løyve 1,2 milliardar kroner i tilskot til ulike bustad- og bumiljøtiltak. Dette gjeld tilskot til etablering i eigen eigd bustad, utleigebustader og tilpassing av bustad.

I Meld. St. 17 (2012–2013) Byggje – bu – leve varslar regjeringa ein nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid i 2014. Strategien skal samle og målrette den bustadsosiale innsatsen for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Strategien skal òg støtte opp om Husbankens arbeid retta mot kommunar med store bustadsosiale utfordringar.

– Regjeringa vil at fleire vanskelegstilte skal få ein eigna stad å bu, mellom anna gjennom å fremje trygg etablering i leigd og eigd bustad. Det er framleis behov for å styrkje den bustadsosiale kompetanse hos alle som arbeider med bustadsosiale spørsmål. Vårt framlegg til budsjett for 2014 støtter opp om desse måla, fortel Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.