Historisk arkiv

Englevekst i gründerbedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsbudsjettet 2014

Noreg ligg i verdstoppen i talet på nyetableringar, men det er få av dei som blir til vekstbedrifter. Regjeringa ber Innovasjon Noreg prøve ut tiltak knytt til såkalla ”forretningsenglar”.

Noreg ligg i verdstoppen i talet på nyetableringar, men det er få av dei som blir til vekstbedrifter. Regjeringa ber Innovasjon Noreg prøve ut tiltak knytt til såkalla ”forretningsenglar”.

I rapporten ”Forretningsengler i Norge” Menon-publikasjon nr. 15/2010 kjem det fram at svært mange forretningsenglar investerar i og rundt storbyane.

For å bidra til at fleire oppstartsbedrifter veks seg store, ønskjer Kommunal- og regionaldepartementet at Innovasjon Noreg skal teste nye tiltak i Distrikts-Noreg.

Forretningsengel (Business Angel) blir brukt som namn på ein uformell privat investor som ikkje berre bidrar med kapital i eit prosjekt, men òg med kompetanse, nettverk og tid. Eit anna kjenneteikn er at det ikkje er familieband mellom investoren og eksisterande eigarar/gründer.

- Fleire vekstbedrifter i heile landet er viktig for verdiskapinga i framtida. Ein underskog av bedrifter må heile tida dyrkast fram til erstatning for dei som blir lagde ned. Vi må difor teste nye verkemiddel som kan utløyse potensialet til desse bedriftene, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Bakgrunnen for pilotprosjekta er problema bedriftene ofte har med å skaffe seg kapital og private investorar ei tid etter sjølve bedriftsetableringa, i den såkalla mellomfasen. Ynskje om tiltak for å bøte på desse hindringane for bedriftene er mellom anna fremma av Gründerrådet:

Grunderrådrapporten juni 2012 (pdf)

Innovasjon Noreg skal i 2014 setje i verk to pilotprosjekt for å få meir kunnskap om egna arbeidsmetodar og tiltak:

  • Eit av prøveprosjekta i 2014, er (etablerar)tilskot til gründerbedrifter som blei etablert for ei stund sida, men som slit med å få på plass nok privat vekstkapital. Tiltaket skal prøvast ut i Troms. Målet er å utløyse meir privat kapital frå forretningsenglar og sidan vurdere effekten av dette.
  • Det andre prosjektet er eit kompetansetilbod for forretningsenglar og potensielle forretningsenglar i dei tre nordlegaste fylka. Tilbodet skal særleg leggje vekt på internasjonal forretningsutvikling. Den nye kunnskapen skal òg inspirere investorane til å gå inn i fleire oppstartsbedrifter.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00